Fagseminar: Kulturturisme - ei kjelde til berekraft?

Arrangementsinformasjon

Fagseminar:
KULTURTURISME – EI KJELDE TIL BEREKRAFT?

Tid: Fredag 17. september 2021 kl. 10:00-15:30 (registrering frå kl. 09:30)
Stad: Norsk Fjordsenter i Geiranger
Billettpris: Kr. 500
Arrangørar: Festspela i Geiranger og Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv

Kulturturisme er eit satsingsområde internasjonalt, nasjonalt og regionalt. Turistar er sjeldan berre interessert i ein ting, og satsingar som kombinerer kultur-, natur- og matopplevingar har både vist seg å gjere turistar meir nøgde – og å skape meirverdi for lokalt reiseliv og aktørar innan kulturell og kreativ næring. Kan fleire samarbeidsbaserte prosjekt innan kulturturisme vere ei kjelde til eit meir berekraftig kultur- og reiseliv? Og kva skal til for å få det til i praksis?

I ei tid der pandemi og klimaendringar utfordrar oss til omstilling og nytenking i ei berekraftig retning, inviterer Festspela i Geiranger og Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv til fagseminar om kulturturisme. Vi presenterer ei rekke foredragshaldarar med erfaring både frå felt, forsking og verkemiddelapparatet, og utfordrar både dei og publikum i ein avsluttande samtale mellom scene og sal. Blant spørsmål vi søkjer svar på:

  • Kva kan kulturturisme vere?
  • Kva for slags meirverdi snakkar vi om - for kulturell næring, reiseliv og stadsutvikling?
  • Kva finst av offentleg støtte – og treff verkemidla slik dei er innretta i dag?
  • Kva kjenneteiknar vellukka prosjekt innan kulturturisme?
  • Korleis kan aktørar i felt og forvaltning satse strategisk på kulturturisme over tid?

 

Program:

Kl. 09:30-10:00
Registrering og kaffe

Kl. 10:00
Kunstnarisk innslag

Kl. 10:10
Velkommen ved Marit Nerås Krogsæter, leiar for kultur-, næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kl. 10:20-10:30
Program og praktisk informasjon ved konferansier Katrin Blomvik Bakken

Kl. 10:30-11:00
Arktisk Filharmoni er verdas nordligaste profesjonelle orkester med base i Bodø og Tromsø, og dei har mellom anna tatt initiativ til Arctic Chamber Music Festival i samarbeid med reiselivet på Svalbard. Programsjef Catharina Roos Bilsbak fortel om erfaringar rundt festivalen og om kulturturisme generelt.

11:00-11:30
Knut Perander er leiar for kreativ næring og reiseliv i Innovasjon Norge. Med eit hjarte for utvikling av kultur som næring, og brei bakgrunn både frå Lydteamet og Nordland Musikkfestuke, vil Knut fortelje kva IN vil gjere for å styrke virkemidlane på fagfeltet, og dele sine eigne erfaringar frå kulturturisme.

11:30-11:50
Hildegunn Maria Haanes Ruset er rådgivar og prosjektkoordinator i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ho jobbar med fylkeskommunen sitt program Ein bit av historia, som koordinerer fylkeskommunen sitt arbeid med verdiskaping basert på kulturarv. Ruset skal snakke om kulturarvopplevingar i reiselivet.

11:50-12:30
Lunsj

12:30-12:40
Kunstnarisk innslag

12:40-13:10
Torstein Kollevåg og Eivind Kandal tok over Sølvane gard i Kandal i 2019, og med det starta ei ny epoke med kultur, lokalmat og turisme som sentrale delar av gardsdrifta. Torstein er utdanna musikar og har jobba med ulike festivalar og konsertvirksamheit i over 15 år. No satsar han all si energi på prosjektet i Kandal, og vil dele sine erfaringar.

13:10-13:30
Knut Roger Nesdal er næringssjef i Gloppen kommune og var tidligare hotellsjef på legendariske Hotel Union Øye. Med Knut Roger i spissen har Gloppen satsa tungt på nye initiativ rundt kulturturisme, og han kjem til Geiranger for å fortelje meir om dette og gi inspirasjon og tips til auka satsing på området.

13:30-13:50
Katrin Blomvik Bakken er direktør for stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og styremedlem i Festspela i Geiranger, som er vertskap for dette fagseminaret. Ho vil presentere satsinga Smart fjord KULTUR, som skal skape ny aktivitet i Geiranger i dei kalde månadane i året.

13:50-14:20
Arthur Almestad er regionansvarleg for Forskingsrådet Møre og Romsdal. Noregs Forskingsråd er den sentrale rådgivaren i forskingspolitiske spørsmål og investerer på vegne av regjeringa over 11 milliardar kroner i året i forskings- og innovasjonsprosjekt. Som regionansvarleg er Arthur Forskingsrådet sin lyttepost i Møre og Romsdal og jobbar for at regionalt næringsliv, forskingsmiljø og offentleg sektor kan styrke sin satsing på forsking og innovasjon. Han vil på seminaret fortelje om og vise til eksempel på kunnskapsbygging og innovasjon innan feltet kulturturisme som er støtta av Forskningsrådet, og gi innspel til kva som må til for at vi kan få meir forsking og innovasjon på området.

14:20-15:00

Open samtale mellom scene og sal. Ordstyrar: Katrin Blomvik Bakken

Program slutt. Mingling og matbit i cafeen.

******
Fagseminaret er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, og er ein del av programmet til Festspela i Geiranger.

Festspela i Geiranger er ein årleg musikkfestival med hovudfokus på klassisk musikk. Her kan du få ein unik kombinasjon av store musikalske opplevingar, spektakulære naturrammer og lokal matkultur. Les meir på www.festspel.no 

******
NB: Billettar til fagseminaret kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger. Tlf 70 26 83 00 - Epost geiranger@hotelunion.no

******

SMITTEVERNTILTAK
Festspela i Geiranger følgjer råd og pålegg frå norske helsemyndigheiter, og gjer alt som kan gjerast for at du som publikummar skal vere trygg når du besøker våre arrangement. For meir om smittevern, sjå denne informasjonssida: https://www.festspel.no/2021/09/smittevern-under-festspela/

Velkomen til Festspela i Geiranger!

klassisk
verdensarv
verdsarv
geiranger
seminar
kulturturisme
turisme

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje, bortsett frå ved avlysning frå festivalens side i tilfelle Covid19-restriksjonar.