page view image

Opningskonsert // Moddi og strykarar

Festspela i Geiranger 2025 opnar med ein intim, men kraftfull konsert i Geiranger kyrkje. Kom tett på visekunstnaren Moddi og hans karakteristiske stemme, sterke tekstar og nære tilnærming – denne gongen i samspel med ein strykekvintett frå Operaen i Kristiansund.

Informasjon
event image

Moddi har gjennom mange år markert seg som ein tydeleg og original artist, med låtar som ofte kombinerer personlege forteljingar med politiske undertonar. Til opningskonserten i Geiranger har han med seg eit kammerensemble som tilfører djupne og nye fargar til musikken hans.

Konserten byr òg på rein kammermusikk – blant anna av Antonin Dvořák – som står i naturleg dialog med Moddi sitt uttrykk.

Ein opningskonsert som set ein roleg, men tydeleg start på festivalen – med rom for både lytting og ettertanke i ei uroleg tid.

Medverkande:
Moddi
Trond Harald Saltnes, fiolin
Odd Sonntag, fiolin
Anna Ostachowska, bratsj
Zhala Aliyeva, cello
Haonan Ding, kontrabass

#festspel #geiranger #festspelaigeiranger #moddi #vise #klassisk #fjord #verdsarv

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med unntak av ved nasjonale restriksjonar a la Covid 19