Sigrid Moldestad med band
Vi er svært glade for at sjølvaste Sigrid Moldestad skal sparke i gang laurdagskvelden under Festspela i Geiranger 2025 - og det i etterlengta storformat med fullt band! Ho har siste året jobba mykje solo med akustiske konsertar, og ser difor ekstra fram til å ta med musikarane ho har jobba med i mange år.

Sigrid Moldestad er både folkemusikar, songar, låtskrivar, skodespelar og tekstforfattar. Ho vart kåra til Årets Folkemusikar i 2010 og debuterte som soloartist i 2007 med plata “Taus” som ho fekk Spellemannsprisen for. Ho er kjent for sine sterke konsertar og liveopptredingar. Ho har spelt på rockefestivalar, jazzfestivalar, folkemusikkfestivalar og countryfestivalar; musikken hennar kjennast grenselaus og har tatt til seg impulsar frå ulike sjangerar.
Musikarane i bandet til Sigrid pregar musikken med sine bakgrunnar innan visepop, blues, rock og kyrkjemusikk. Saman skapar dei eit musikalske overskot som kjem til å berøre.
Folkemusikken er rota Sigrid Moldestad bygger sitt musikalske landskap i. Ho skriv tekstar på nynorsk eller toneset diktarar som Jan-Magnus Bruheim. Mellom dei lyriske forteljingane kjem villskapen i felemusikken fram og bygger opp dynamikken i konsertane hennar. Sigrid Moldestad driv for tida med innspeling av nytt album som kjem våren 2026. På konserten i Geiranger vert det smakebitar av det nye materialet.
Medverkande:
Sigrid Moldestad: vokal, fele, hardingfele
Sigbjørn Apeland: tangentar
Jørgen Sandvik: gitarar
Anders Bitustøyl: bass
Kåre Opheim: trommer
Roald Kaldestad: gitarar
Tid: Laurdag 27. september, kl. 17.30
Stad: Geirangersalen, Hotel Union Geiranger
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av nasjonale tiltak t.d. i forbindelse med Covid-19.