page view image

Pub-kor på Gildetun ungdomshus

Fredagskvelden under Festspela inviterer vi til noko heilt nytt: Pub-kor på Gildetun ungdomshus. Dette er kvelden for deg som likar å synge, for deg som trur du ikkje kan synge – og for deg som berre vil vere med på ei varm, uformell og sosial musikkoppleving.

Informasjon
event image

Du treng ikkje kunne notar, ha sunge i kor før eller førebu deg på noko som helst. Her lærer vi ein enkel song saman, steg for steg, under trygg og inspirerande leiing av ein anerkjend korleiar.

Pub-kor handlar om fellesskap, meistring og god stemning. Målet er ikkje perfeksjon, men å oppleve kor mykje kraft og glede som kan liggje i å synge saman. Når mange stemmer møtest i same rom, skjer det noko heilt eige – og på Gildetun ligg alt til rette for ein kveld med låg terskel og høg festspelfaktor.

Ta med ein ven, senk skuldrane og bli med på eit nytt musikalsk møtepunkt under Festspela i Geiranger.

Tid: Fredag 2. oktober kl. 22.00
Stad: Gildetun ungdomshus

pubkor song geiranger festspel

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av ved nasjonale restriksjonar som t.d. Covid 19