Operapub med Isa Katharina Gericke
Velkommen til ein festkveld der den store operakunsten møter det nære og uformelle – med storslått utsikt og noko godt i glaset!
Løys på snippen, fyll opp glaset, len deg tilbake og opplev humor og drama frå operalitteraturen frå ein djup lenestol eller frå barkrakken. OperaPub er ein nydeleg måte å oppleve opera på - uansett om det er nytt for deg, eller du brenn etter et gjenhør med gamle favoritt-arier. Vi garanterer hyggefaktor og uformell stemning!
Her møter du den karismatiske mezzosopranen Isa Katharina Gericke, ein av Noregs mest fargerike formidlarar innan klassisk musikk – kjend for å blande varme, vidd og vakre tonar med ein heilt eigen stil.
Med seg har ho strykekvintetten frå Operaen i Kristiansund og pianisten Trygve Brøske. Saman serverer dei ei fristande musikalsk meny av operaperler, romanser og overraskingar – alt med ein solid dose speleglede og sjarme.
Dette er opera slik du sjelden høyrer det – tett på, uformelt og med latteren lurande like bak neste tone. Bli med på ein kveld som viser at opera kan vere både stor kunst og stor moro – også etter leggetid.
Medverkande:
Isa Katharina Gericke, song
Pianist, Trygve Brøske
Trond Harald Saltnes, fiolin
Odd Sonntag, fiolin
Anna Ostachowska, bratsj
Adrianna Arapinowicz, cello
Haonan Ding, kontrabass
OBS: Billettar kan også kjøpast i døra med visa, vipps eller kontant.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av nasjonale tiltak t.d. i forbindelse med Covid-19.