SØK ETTER ARRANGEMENTER
Festspela 2026 blir avslutta med fjellgardkonsert på Westerås gard, 300 meter over Geiranger. Her møtest folkemusikktradisjonen frå Sunnmøre og dei store komponistane frå kontinentet, med Kåre Nordstoga, Britt Pernille Frøholm og Geir Inge Lotsberg.
Velkomen til ei høgtidsstund i vakre Geiranger kyrkje når Festspela 2026 opnar med Oslo Strykekvartett – eit av Skandinavia sine mest anerkjende kammerensemble. Med over 35 år på dei store scenene i inn- og utland, tek kvartetten med seg eit rikt og levande repertoar til Geiranger.
Her møtest meisterleg samspel, sterke musikalske tradisjonar og den unike festspelstemninga i verdsarvbygda.
Fredagskvelden under Festspela inviterer vi til noko heilt nytt: Pub-kor på Gildetun ungdomshus. Dette er kvelden for deg som likar å synge, for deg som trur du ikkje kan synge – og for deg som berre vil vere med på ei varm, uformell og sosial musikkoppleving.
Opplev Eva Weel Skram på nært hald om bord på Geirangerfjord III – i stille, utsleppsfri ferd gjennom verdsarvfjorden, med Dei sju søstre som mektig kulisse. Billettsalet opnar snart!
Nordic Tenors kjem til Festspela med vakker stemmeprakt, lun humor og musikk av høg kvalitet. I Geirangersalen får publikum oppleve dei med fjordlandskapet som storslått bakteppe.
Oslo Strykekvartett og Britt Pernille Frøholm møtest til Festspelpub med klassiske tonar, folkemusikk, hardingfele og musikalske overraskingar – i ei uformell ramme tett på publikum.
