Familiekonsert: Peter og Ulven

Arrangementsinformasjon

Bli med inn i forteljinga om Peter og ulven, med Prokofiev sin medrivande musikk. Peter bor hos bestefaren ved den store, svarte skogen, og får ikkje lov til å gå utanfor gjerdet. Der lurer nemlig den stygge ulven. Ein vårdag snik Peter seg likevel utanfor saman med venene sine - og når ulven dukkar opp, startar eit spanende eventyr.

Sergej Prokofiev gjenskapte det russiske eventyret som eit storslått orkesterverk. I denne versjonen av Peter og Ulven er det knytta eit unikt musikalsk tema til kvar av figurane i eventyret. Figuranes karakter forsterkast ytterlegare av forteljaren og gjer oss ein musikalsk eventyrstund som er lett å følgje, sjølv for eit ungt publikum.

Forestillinga varer i om lag 30 minutter

Målgruppe: Passar for barn frå 3 år.


Med: Operaens Sinfonietta og forteljar Tone Oline Knivsflå
Stad: Havila Hotel Geiranger

******

NB: Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger. Tlf 70 26 83 00 - Epost geiranger@hotelunion.no

******

SMITTEVERNTILTAK
Festspela i Geiranger følgjer råd og pålegg frå norske helsemyndigheiter, og gjer alt som kan gjerast for at du som publikummar skal vere trygg når du besøker våre konsertar. For meir informasjon om smittevern, sjå eiga side om kva vi gjer og kva du som publikummar kan gjere for å la musikkgleda spre seg - men ikkje viruset: https://www.festspel.no/2021/09/smittevern-under-festspela/

Velkomen til Festspela i Geiranger!

familiekonsert
geiranger
festspel
klassisk
festival
barnekonsert

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje, kun i høve avlysning frå festivalen side ved til døme Covid19-restriksjonar.