page view image

Kammerpub med frankågunnar

EVENT INFORMATION
event image

“Det er som om Havrøy og Flagstad har lurt Schubert med seg ned i en østerriksk ølbule. Det er blitt langt etter stengetid, men de sitter der enda og skråler av full hals”
(Ola Nordal/Ballade)

Kammerpub med frankågunnar blir ei uformell oppleving tett på musikarane, der vi får oppleve Frank Havrøy (sang) og Gunnar Flagstad (piano) nytolke Schubert. Trufast mot Schubert, samstundes som dei løftar musikken inn i vår tid og våre referanserammer. Ein perfekt måte å bli betre kjend med Schubert på. Dei brukar sine breie musikalske erfaringar frå både kabaret, jazz, folkeviser og klassisk når dei leikar seg og utforskar Schubert i dette prosjektet som av fleire vert omtala som kanskje den viktigaste innspelinga i musikk-noreg i 2021.

Barytonen Frank Havrøy og pianisten Gunnar Flagstad er gjennomgangsfigurer i det norske klassiske musikklandskapet. Havrøy er kjent frå mellom anna Nordic Voices og som operasongar og skodespelar. Flagstad er ein av våre mest aktive akkompagørar, og har spelt med det som kan krype og gå av norske musikarar. 

***

Tid: Fredag 30. september 2022 kl. 22:00
Stad: Hotel Union Geiranger - Foajéen
Billettpris: Kr. 150
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no)

festspel
festival
festspela
geiranger
geirangerfjorden
schubert
klassisk
opera
kammermusikk