page view image

Mari Boine med band

Information
event image

Den legendariske samisk-norske artisten og aktivisten Mari Boine, som er blant dei mest anerkjente levande legender vi har, kjem til Festspela i Geiranger den 28. september 2024!

Mari Boine er kjend for å vere ein musikalsk pioner som bryt grenser her i landet. Ho passar ikkje lett inn i ein bestemt musikalsk kategori, men termen "Verdensmusikk" i den breiaste tydinga passar kanskje best. Boines musikk er inspirert av jazz, folkemusikk, rock og elektronika.

Det vart nyleg kjent at Mari Boine skal vere med i TV2-suksessen "Hver gang vi møtes" i 2024, der ho stiller ved sidan av artistar som Ingrid Helene Håvik frå Highasakite, Matoma, Ramón, William Kristoffersen, Emelie Hollow og Odin Staveland frå Vamp. Frå innspelinga er det sagt at vi kan vente oss mange unike augneblinkar og spennande tolkingar frå Mari.

Boine har også nyleg gitt ut albumet "Amame" saman med ein annan norsk musikalsk storheit, pianisten Bugge Wesseltoft. Samarbeidet har fått ein fantastisk mottaking, og albumet har blitt omtala som eit av årets sterkaste, med terningkast seks frå fleire anmeldarar.

Etter mange år i musikkbransjen klarer Mari Boine framleis å overraske ved å finne fram til noko heilt nytt inni seg, noko vi aldri har høyrt før. Vi kan berre glede oss til ein kveld med ein av landets fremste stemmer og hennar framifrå band.

samisk boine festspel

Waiver

Kjøpte billettar refunderast ikkje med mindre det kjem nasjonale restriksjonar som til dømes under Covid19.