Festspelpub med Isa Katharina Gericke

Velkommen til ein festkveld der den store operakunsten møter det nære og uformelle – med storslått utsikt og noko godt i glaset! Mezzosopran Isa Katharina Gericke inviterer til festspelpub i foajeen til Geirangersalen på Hotel Union, saman med dei strålande musikarane i Operaen i Kristiansund sin strykekvintett.

page view image
Evenemangsdatum

lördag 27 sep 2025 21:30

avslutas lördag 27 sep 2025 23:30
Beställ
Evenemanget har inga biljetter och är gratis
event image

Evenemangsinformation

Isa Katharina Gericke er ein av Noregs mest markante og allsidige songarar innan klassisk musikk. Med si varme røyst og leikande formidlingsevne har ho gjort seg bemerka både som operasongar, romansetolkar og formidlar – ikkje minst gjennom ei rekkje konsertproduksjonar som kombinerer musikk og forteljing på kreativt vis. Repertoaret hennar spenner frå barokk til samtid, med ein særleg kjærleik for nordisk romansekunst.

På denne festspelpuben møter ho eit handplukka kammerensemble med strykarar. Saman byr dei på eit sprudlande program med høgdepunkt frå operalitteraturen – med både glimt i auga og glød i tonane.

Ein pianist vil òg medverke – kven det blir, vert annonsert seinare.

Bli med på ein kveld som viser at opera kan vere både stor kunst og stor moro – også etter leggetid.

Medverkande:
Isa Katharina Gericke, song
Pianist (blir annonsert)
Trond Harald Saltnes, fiolin
Odd Sonntag, fiolin
Anna Ostachowska, bratsj
Zhala Aliyeva, cello
Haonan Ding, kontrabass

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av nasjonale tiltak t.d. i forbindelse med Covid-19.

Taggar

operapub
opera
klassisk
Arrangör
Festspela i Geiranger