Fagseminar - kulturturisme
Fredagen under Festspela i Geiranger inviterer Festspela til fagseminar om kulturturisme i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.
Dato: Fredag 27. September
Stad: Norsk Fjordsenter i Geiranger
Kl: 10:00 – 15:00 Konferansier: Terese Jemtegård Moen, styreleiar Geirangerfjorden Verdsarv/ordførar Fjord kommune
09:00 – 10:00 Registrering og kaffi
10:00 Opning med kunstnerisk innslag
10:05 Velkommen til fagleg påfyll og inspirasjon
Heidi-Iren Wedlog Olsen, Kulturdirektør, Møre og Romsdal fylkeskommune
10:15 Den Gyldne Omvei – mat, kunst og kultur i Inderøy, Trøndelag. Korleis unner ein naboen suksess og korleis kan mat vere kultur? Korleis klarer ein å få til gode samarbeid med så mange ulike opplevingar i over 25 år? Anne Kjersti Bakstad, styreleiar
11:00 Mat og kulturkveldar på Storfjord Kulturhus - ei kulinarisk kulturreise, der du får besøke spennande land og kulturar utan å reise nokon stad! Erik Strand og Hilderun Søholt frå Storfjord Kulturhus
11:30 LUNSJ frå Brasserie Posten (servert på Norsk Fjordsenter)
12:30 Voss herad kommune – Kulturkraft: Voss herad er ei kommune med stor tilflytting og vekst. Voss har eit breitt spekter med musikkopplevingar gjennom heile året, noko som er unikt for ein kommune på sin storleik. Det er ei kulturkraft som gjer Voss herad til ein god stad å bu, ei kraft som gjer heradet til ein attraktiv stad å flytta til.
Kva verdiar vert skapt av kultur og musikalske hendingar for eit lokalsamfunn? Rolf Røtnes, fagdirektør Samfunnsøkonomisk Analyse
Korleis jobbar vi i kommunen for å fremja kulturlivet? Trude Letnes, kommunalsjef kultur, Voss herad kommune
13:30 PAUSE, mingling, beinstrekk med noko søtt attåt
13:45 Hemsingfestivalen – ei kulturvugge for mange spanande festivalkonsept
Ragnhild Hemsing, fiolinisten og hardingfelespelaren er årets festivalprofil under Festspela i Geiranger 2024, og ho har fleire oppdrag under årets festspel
14:15 Kjenner du til storsatsinga “Petter på skjæret” og den populære TV-serien Elias? Opphavsmannen deler av sine erfaringar med å arbeide fram suksessrike kulturkonsept. Alf Knutsen, prosjektleiar og initiativtakar
14:45 Avrunding og oppsummering – frå ein støttespelar sin ståstad. Sparebanken Møre.
Stein Ivar Krohn, Sparebanken Møre
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av nasjonale tiltak t.d. i forbindelse med Covid-19.