Bare Egil og Aslags enda mer superpopulære barneshow
Bare Egil og Aslag er to av dei mest erfarne og folkekjære barneunderhaldarane våre. I ei årrekkje har dei gledd og begeistra barn i alle aldrar med det superpopulære barneshowet sitt. «Morbid!» er eit ord barna gjerne bruker for å uttrykkje begeistringa si!
No kjem endeleg oppfølgjaren til publikumssuksessen! Her tek dei ungdommelege nokreogfemtiåringane i bruk moderne verkemiddel som synthtrommer, keytar, sminke og TikTok-inspirerte dansesteg for om mogleg å kommunisere endå betre med den oppveksande slekta. Dei trur at dersom dei berre får dette på plass, vil dei oppnå suksess. Det viser seg likevel at det er kostbart å vere hipp og moderne, og difor blir dei nøydde til å stele for å halde fasaden ved lag. Dei trur dei må gi seg ut for å vere nokon andre enn dei eigentleg er, for å lukkast. Gjennom masse musikk, humor og ironi blir det fortalt ei historie om skyggesidene ved dagens samfunn, der motepress og kunstige skjønnheitsideal gjennomsyrer alt.
«Bare» Egil Hegerberg og Aslag Guttormsgaard er to norske komikarar og artistar som har spelt saman i ei rekkje ulike band gjennom fleire tiår, mellom anna Hurra Torpedo, Bare Egil Band og Black Debbath. Dei to er òg gjengangarar i alt frå Barne-TV («Lesekorpset», «Sangfoni» og «Hønsemannen») til spelefilmar («Hakkebakkeskogen», «Svein og Rotta», «Kule Kidz gråter ikke» og «Gilberts grusomme hevn») og TV-program som «Brille» og «Kongen befaler».
Målgruppe: Dei som har foreldre som er dumme nok til å tru at dette passar for barn.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av nasjonale restriksjonar som Covid19