Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Sigrid Moldestad er både folkemusikar, songar, låtskrivar, skodespelar og tekstforfattar. Ho vart kåra til Årets Folkemusikar i 2010 og debuterte som soloartist i 2007 med plata “Taus” som ho fekk Spellemannsprisen for. Ho er kjent for sine sterke konsertar og liveopptredingar. Ho har spelt på rockefestivalar, jazzfestivalar, folkemusikkfestivalar og countryfestivalar; musikken hennar kjennast grenselaus og har tatt til seg impulsar frå ulike sjangerar.
Musikarane i bandet til Sigrid pregar musikken med sine bakgrunnar innan visepop, blues, rock og kyrkjemusikk. Saman skapar dei eit musikalske overskot som kjem til å berøre.
Folkemusikken er rota Sigrid Moldestad bygger sitt musikalske landskap i. Ho skriv tekstar på nynorsk eller toneset diktarar som Jan-Magnus Bruheim. Mellom dei lyriske forteljingane kjem villskapen i felemusikken fram og bygger opp dynamikken i konsertane hennar. Sigrid Moldestad driv for tida med innspeling av nytt album som kjem våren 2026. På konserten i Geiranger vert det smakebitar av det nye materialet.
Medverkande:
Sigrid Moldestad: vokal, fele, hardingfele
Sigbjørn Apeland: tangentar
Jørgen Sandvik: gitarar
Anders Bitustøyl: bass
Kåre Opheim: trommer
Roald Kaldestad: gitarar
Tid: Laurdag 27. september, kl. 17.30
Stad: Geirangersalen, Hotel Union Geiranger