Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Tricia er del av ei legendarisk musikkfamilie – niese av vokalistane Lillian og John Boutté – og har sidan barndommen vore ein naturleg del av den sterke musikalske arven i New Orleans. Ho kombinerer teknisk briljans med rå utstråling og ein sjeldan evne til å fange publikum i augneblinken.
På festspelpuben fredag kveld har Tricia med seg Gumbo, eit drivande sterkt band leia av trompetist Kåre Nymark Jr., med Kenneth Ekornes (trommer), David Gald (tuba) og Even Skatrud (trombone). Bandet er kjend for si eksplosive blanding av New Orleans-funk, karibiske rytmar og improvisert jazz – og når dei speler med Tricia, oppstår det ekte magi.
Det blir varmt, tett og uforgløymeleg på Havila Hotel Geiranger denne fredagskvelden. Kom som du er, ta noko godt i glaset – og bli med på ei musikalsk reise frå fjord til funky fest i ekte New Orleans-ånd.
Tid: Fredag 26. september, kl. 22.00
Stad: Havila Hotel Geiranger