© TicketCo AS 2026.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Velkomen til ein forrykande festspelpub der strykekvartett møter fele, hardingfele og musikalske omvegar.
Oslo Strykekvartett er kjende for å bevege seg leikent mellom klassiske meisterverk, nordiske tonar og overraskande arrangement frå heilt andre sjangrar. Til Festspelpuben får dei med seg Britt Pernille Frøholm, ein av våre fremste folkemusikarar, med røter i tradisjonen frå Nordfjord og Sunnmøre.
Denne kvelden blir det musikalsk spennvidde, nærleik til artistane og god pubstemning. Publikum kan vente seg ein uformell konsert med høgt nivå, varme, overraskingar og musikk som går på tvers av sjangrar og tradisjonar.
Her møtest kammermusikk og folkemusikk i ekte festspelånd – tett på, levande og utanom det heilt vanlege.