page view image

Operapub

Løys på snippen, fyll opp glaset, len deg tilbake og opplev humor og drama frå operalitteraturen frå ein djup lenestol eller frå barkrakken.

Information
event image

OperaPub er ein nydeleg måte å oppleve opera på - uansett om det er nytt for deg, eller du brenn etter et gjenhør med gamle favoritt-arier. Vi garanterer hyggefaktor og uformell stemning!

Medverkande:

Hallvar Djupvik er fødd og oppvaksen i Tomrefjord. Etter si utdanning på Operaakademiet i København har han vore solist på Den Norske Opera og Ballett, gitarist og songar i bandet Polkabjørn og Kleine Heine og fått mange års erfaring som kyrkjesongar/musiker i Oslo. Han har motteke ei rekke stipend og prisar, mellom annet Shells musikkteaterstipend i 2010. 

Stephanie Lippert er mezzosopran frå Norrtälje i Sverige, utdanna ved Operaakademiet i København. I november 2010 gjorde ho sin debut som “Anna” i Det Kongelige Teater si oppsetting av Nabuccco, dirigert av Per Giorgio Morandi. Som frilans operasongar har ho sunge roller i Norge, Danmark og Sverige, mellom anna "Tatjana" i Eugene Onegin, "Susanna" i Figaros bryllup og "Marguerite" i Faust. 

Med seg har dei den eminente Martin Bredin på piano. Martin er pianist, dirigent, komponist og korleiar. Etter studie for Jiri Hlinka i Bergen og Oslo har han e ei årrekke jobba som repetitør ved Operaen i Kristiansund. Han er mykje nyttja som kapellmeister og arrangør, og som orkester- og kordirigent internasjonalt.

Tid: Laurdag 28. september 2024 kl. 22.00
Stad: Foajeen til Geirangersalen

opera pub øl bobler

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av nasjonale tiltak t.d. i forbindelse med Covid-19.