page view image

Nynorsk salmebok 100 år

I 2025 er det hundre år sidan Nynorsk Salmebok blei gjeven ut – eit verk som har sett djupe spor i både kyrkjeliv, språk og musikktradisjon i Noreg. Den nynorske salmeboka fekk svært mykje å seie for nynorsk som kyrkjemål og for nynorsken som samfunnsberande språk.

Information
event image

Dette arrangementet markerer jubileet med salmar, refleksjonar, og tonar som speglar både historia og aktualiteten til denne unike salmeskatten.

Markeringa er eit samarbeid mellom Stranda Mållag og Festspela i Geiranger, og finn stad i Geiranger kyrkje.

Medverkande:
Skodje kyrkjekor, dir Tom Gontier
Per Halse, professor Høgskulen i Volda
Fleire medverkande vert kunngjort

Tid: Laurdag 27. september, kl. 12.00
Stad: Geiranger kyrkje

salmer salmebok

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av nasjonale tiltak t.d. i forbindelse med Covid-19.