page view image

Dans på Knivsflå

Ei unik oppleving, med festspelprofil, fiolinist Ragnhild Hemsing saman med dansar Hallgrim Hansegard i fantastiske omgjevnader på fjellgarden Knivsflå

Information
event image

OBS: Det blir kun lagt ut 30 billettar til denne eksklusive og unike opplevinga!

Søndagen under Festspela kan du oppleve festspelprofil og felespelar Ragnhild Hemsing i dei fantastiske omgjevnadene på fjellgarden Knivsflå. Saman med ektemannen og dansaren Hallgrim Hansegard, samt songaren og skodespelaren Tone Oline Knivsflå, vil dei presentere eit program tilpassa denne heilt unike staden. Hyllegarden Knivsflå, med Dei sju søstre ved sida og panoramautsikt over Geirangerfjorden, byr på ei ramme rundt konserten som kan måle seg med det aller meste. Det å kunne presentere kunstnarar i verdsklasse her er noko vi er svært stolte av. Hallgrim Hansegard vart først kjend gjennom "Fairytale" og samarbeidet med Aleksander Rybak under MGP. Den akrobatiske dansaren har markert seg både gjennom soloframsyningar og i dansekompaniet FRIKAR.

Det er avgrensa med plassar på konserten, så vi rår publikum til å vere raske med å kjøpe billettar. Det vert organisert felles båttransport til Knivsflå.

Tid og stad: Båt frå Geiranger hurtigbåtkai kl. 12.30 (MS Geirangerfjord, Pir 1), konsert kl 14.00.
Frammøte ved turistinformasjonen. Båten er tilbake i Geiranger cirka kl 16:00.

Ta med matpakke, seteunderlag, gode tursko og kle deg etter vêret.

OBS: Det er bratt å gå opp til Knivsflå. Om du er usikker på om du klarer turen, ta kontakt med arrangør for detaljar på post@festspel.no eller tlf 93049185.

#geiranger #geirangerfjorden #fjellgard #hemsing #frikar #klassisk #musikk #verdsarv

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte med mindre det kjem nasjonale restriksjonar som t.d. Covid19