© TicketCo AS 2026.
Právne podmienky pre kupujúcich lístkov.
Právne podmienky pre organizátorov.
Laurdag kveld inviterer Festspela til konsert med Nordic Tenors i Geirangersalen.
Dei tre tenorane Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak er kjende for å kombinere sterke stemmer, varme og humor med framføringar på høgt nivå. Repertoaret spenner frå klassiske perler og kjende melodiar til musikalske overraskingar – alltid formidla med overskot, presisjon og glimt i auget.
Til denne konserten blir fjordlandskapet ein del av opplevinga. Det gir ei ramme som kler både dei store tonane, den nære formidlinga og den gode kontakten Nordic Tenors skaper med publikum.
Dette blir ei konsertoppleving der kvalitet og underhaldning går hand i hand – med vakker song, humor og Geirangerfjorden som ein del av scenebiletet.