page view image

Jazzpub med Dale/Vik/Roaldsnes/Knudsen

EVENEMENTGEGEVENS
event image

Utmed havet, bak dette spretne bandnavnet, finn vi ein rotekte jazzkvartett. Langevåg husar globetrottaren Micah Dale, med røter både til Australia og Amerika der pastorsonen har plukka med seg sin lyttande trommestil. Lenger aust på Sula heve Håkon Hagen Knudsen fenge sin heim. Dette er ein stake på iallefall 250 cm som enkelt leitar fram frekke linjer frå sine saksofonar. Inne i Eidsvika har Lars Martin Vik rydda seg ein gard, der djup gåbass fløymer ut i seine nattetimar. Ute på Valderøya sit Dag-Filip Roaldsnes bøygd over pianoet og ser ut på det bårute havet mens kjenslevare tonar kling. 

Gjennom vetter og vårsol har desse musikarane leika seg med klassiske standardlåtar, kanskje ispedd ein og annan sjølvskriven melodi, og leite fram gleda og samspelet. Dei har utdanning frå tunge institusjonar og mykje erfaring. Vi kan difor love publikum god stemning frå ein av fylket sine fremste jazzkvartettar!

Medverkande:
Håkon Hagen Knudsen, sax
Dag Filip Roaldsnes, piano
Lars Martin Vik, bass
Mikah Dale, trommer

***

Tid: Laurdag 01. oktober 2022 kl. 22:00
Stad: Hotel Union Geiranger - Foajeen
Billettpris: Kr. 150
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no)

jazz
festspel
festival
geiranger
union
piano
saksofon
kontrabass
trommer