page view image

Fagseminar - kulturturisme

Fredagen under Festspela i Geiranger inviterer Festspela til fagseminar om kulturturisme i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

Information
event image

Fredagen under Festspela i Geiranger inviterer Festspela til fagseminar om kulturturisme i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv. 

Dato: Fredag 27. September
Stad: Norsk Fjordsenter i Geiranger
Kl: 10:00 – 15:00 Konferansier: Terese Jemtegård Moen, styreleiar Geirangerfjorden Verdsarv/ordførar Fjord kommune

Seminaret byr på foredragshaldarar både fra felt og forskning, ikkje minst gode eksempel på vellukka satsingar til inspirasjon, og er eit årlege treffpunkt under Festspela for aktørar som vil lære meir om utvikling i skjæringspunktet mellom kultur og reiseliv.

Kulturturisme er eit satsingsområde internasjonalt, nasjonalt og regionalt. Turistar er sjeldan berre interessert i ein ting, og satsingar som kombinerer kultur-, natur- og matopplevingar har både vist seg å gjere turistar meir nøgde – og å skape meirverdi for lokalt reiseliv og aktørar innan kulturell og kreativ næring. Kan fleire samarbeidsbaserte prosjekt innan kulturturisme vere ei kjelde til eit meir berekraftig kultur- og reiseliv? Og kva skal til for å få det til i praksis?

09:00 – 10:00 Registrering og kaffi

10:00 Opning med kunstnerisk innslag

10:05 Velkommen til fagleg påfyll og inspirasjon
Heidi-Iren Wedlog Olsen, Kulturdirektør, Møre og Romsdal fylkeskommune

10:15 Hemsingfestivalen – ei kulturvugge for mange spanande festivalkonsept
Ragnhild Hemsing, fiolinisten og hardingfelespelaren er årets festivalprofil under Festspela i Geiranger 2024, og ho har fleire oppdrag under årets festspel. Ragnhild er óg ein av gründerane bak suksessen Hemsingfestivalen i Valdres, som har lukkast med å samarbeide tett med lokalt reise- og næringsliv om unike festivalopplevinger som gjer ringverknader i andre næringer og set bygda Aurdal på kulturkartet.

11:00 Mat og kulturkveldar på Storfjord Kulturhus - ei kulinarisk kulturreise, der du får besøke spennande land og kulturar utan å reise nokon stad! Erik Strand og Hilderun Søholt frå Storfjord Kulturhus delar erfaringar frå konseptutvikling.

11:30 LUNSJ frå Brasserie Posten (servert på Norsk Fjordsenter)

12:30 Voss herad kommune – Kulturkraft:  Voss herad er ei kommune med stor tilflytting og vekst. Voss har eit breitt spekter med musikkopplevingar gjennom heile året, noko som er unikt for ein kommune på sin storleik. Det er ei kulturkraft som gjer Voss herad til ein god stad å bu, ei kraft som gjer heradet til ein attraktiv stad å flytta til.

Kva verdiar vert skapt av kultur og musikalske hendingar for eit lokalsamfunn? 
Rolf Røtnes, fagdirektør Samfunnsøkonomisk Analyse

Korleis jobbar vi i kommunen for å fremja kulturlivet?
Trude Letnes, kommunalsjef kultur, Voss herad kommune

13:30 PAUSE, mingling, beinstrekk med noko søtt attåt 

13:45 Den Gyldne Omvei – mat, kunst og kultur i Inderøy, Trøndelag. Korleis unner ein naboen suksess og korleis kan mat vere kultur? Korleis klarer ein å få til gode samarbeid med så mange ulike opplevingar i over 25 år? Anne Kjersti Bakstad, styreleiar

14:15 Kjenner du til storsatsinga “Petter på skjæret” og  den populære TV-serien Elias? Opphavsmannen deler av sine erfaringar med å arbeide fram suksessrike kulturkonsept.
Alf Knutsen, prosjektleiar og initiativtakar

14:45 Avrunding og oppsummering – frå ein støttespelar sin ståstad. Sparebanken Møre
Stein Ivar Krohn, Sparebanken Møre


Det er mogleg å få tilsendt faktura for deltakaravgifta om de foretrekk det. Send oss i tilfelle ein epost på post@festspel.no med navn på deltakar(ar) og fakturainfo.

Afstandsverklaring

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av nasjonale tiltak t.d. i forbindelse med Covid-19.