Fjellgardkonserten

Festspela 2026 blir avslutta med fjellgardkonsert på Westerås gard, 300 meter over Geiranger. Her møtest folkemusikktradisjonen frå Sunnmøre og dei store komponistane frå kontinentet, med Kåre Nordstoga, Britt Pernille Frøholm og Geir Inge Lotsberg.

page view image
Arrangementsdato

lørdag 20 jun 2026 14:05

Slutter søndag 21 jun 2026 14:05
BESTILL
Arrangementet har ikke noen billetter og er gratis
event image

Arrangementsinformasjon

Som siste arrangement under Festspela i Geiranger 2026 inviterer vi publikum til fjellgardkonsert på Westerås gard.

Publikum kan gå turen frå Geiranger sentrum og opp til garden, 300 meter over havet, eller kome med bil. Vel framme ventar ei konsertoppleving der musikken får møte både fjell, fjord og levande kulturhistorie.

På Westerås gard får vi høyre eit møte mellom folkemusikktradisjonen frå Sunnmøre og dei store komponistane frå kontinentet. Medverkande er tre musikarar av høgaste klasse: Kåre Nordstoga, ein av Europas fremste konsertorganistar, Britt Pernille Frøholm, ein av våre leiande folkemusikarar på fele og hardingfele, og Geir Inge Lotsberg, fiolinist i Oslo Strykekvartett.

Saman skaper dei ei avslutning som peikar både utover og heimover – mot den europeiske kunstmusikken, mot den lokale slåttetradisjonen og mot landskapet som rammar inn Festspela.

Dette blir ein verdig og nær finale for Festspela 2026: stor musikk, sterke tradisjonar og Geiranger frå ei av sine vakraste sider.

Tid: 4.oktober kl 14.00
Stad: Westerås gard
Praktisk: Publikum kan gå frå sentrum eller køyre bil. For dei som ynskjer å vere med på fellestur, vert det avgang utanfor Union kl 12.30

Tags

fjord
fjell
fjellgard
geiranger
folkemusikk
klassisk
Organizer
Festspela i Geiranger