Bach i høgda

Denne konserten kunne hatt mange titlar, men det som er heilt sikkert er at her får vi med oss to av Englands beste barokkmusikarar opp på ein fjellgard for å spele musikk dei elskar.

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

OBS: Konserten "Bach i høgda" flyttast til Westerås gard på grunn av snøfall

På grunn av uventa snøfall og stenging av vegen til Dalsnibba, må vi dessverre flytte konserten "Bach i høgda", som var planlagt laurdag 28. september, til Westerås gard. Vi håper at publikum likevel vil bli med oss på denne unike opplevinga i vakre omgjevnader, med utsikt over Geirangerfjorden.

Buss som planlagt frå Norsk Fjordsenter
Bussavgangen frå Norsk Fjordsenter kl. 11:00 går som opphavleg planlagt, og vi legg opp til ei minneverdig konsertoppleving på Westerås. Der vil det òg vere mogleg å kjøpe seg ein kopp kaffi og noko godt å bite i før konserten startar. Med den spektakulære utsikta frå garden lovar vi ein like magisk konsert, sjølv om arenaen er endra.

Moglegheit for å køyre eller gå opp til Westerås
I tillegg til buss, er det mogleg å køyre eigen bil opp til Westerås gard. For dei som ønskjer ei meir aktiv oppleving, kan ein også gå opp. Enten via hovudvegen eller den fantastiske sherpa-trappa som startar bak Union Hotell. Denne turen byr på vakker utsikt undervegs og er ei oppleving i seg sjølv.

Refusjon for dei som ønskjer det
Det er mogleg å be om refusjon av kjøpt billett dersom flyttinga av konserten ikkje svarer til forventningane. Send då ein e-post til post@festspel.no for å heve kjøpet. Vi håper likevel at så mange som mogleg vil vere med oss på Westerås og nyte musikken til Bach i dei vakre fjellomgivnadene.

Vi ser fram til å dele denne spesielle dagen med dykk, og vi takkar for forståinga.

Kontakt: Gunnar Inge Eide
Festspela i Geiranger
Telefon: 93 04 91 85
E-post: post@festspel.no

Om konserten
Denne konserten kunne hatt mange titlar, men det som er heilt sikkert er at her får vi med oss to av Englands beste barokkmusikarar opp på ein høg fjelltopp for å spele musikk dei elskar. Evigunge Johann Sebastian Bach får ein stor del av konserten, men også hans vener og samtidige får plass. Her ventar virtuositet, inderlege melodiar og gneistrande samspel i dei unike lokala på Westerås gard. Det er verkeleg to topp-musikarar publikum får møte her. Jadran Duncumb har m.a. vunne 1. pris i “Maurizio Pratola”-konkurransen, og den høgthengande “Diapason d’Or” for innspelinga si av Bach-musikk for lutt. Huw Daniels er prisvinnande fiolinist som leier og spelar med anerkjende orkester som “Orchestra of the Age of Enlightment” og “King’s Consort”, begge rekna mellom dei fremste barokkensembla internasjonalt.

Ein konsert med desse to i samspel vert garantert ei unik oppleving, og Westerås gard lagar ei fantastisk ramme rundt konsertopplevinga. 

Tid: Laurdag 28.september kl 12.00. Avreise frå Norsk Fjordsenter kl 11.00
Stad: Westerås gard. Obs: oppmøte ved Norsk Fjordsenter.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av nasjonale tiltak t.d. i forbindelse med Covid-19.

Tags

dalsnibba
fjell
barokk
Organizer
Festspela i Geiranger