Masterclass for unge talent

Arrangementsinformasjon

Festspela i Geiranger gir unge talent i regionen ein moglegheit til å treffe profesjonelle musikarar gjennom ein masterclass med konsert i etterkant. I 2021 tilbyr vi masterclass på følgjande instrument: Fiolin, piano og song. Sjå nederst for info om våre fantastiske instruktørar.

Masterclassen rettar seg mot elevar frå 12 år og oppover, som gjer ein ekstra innsats på sitt instrument. Elevar som melder seg på må stille med eit ferdig innstudert verk som gjerne allereie er framført på konsert. Varigheit på stykket bør vere 3 – 10 min.
Det er fortsatt ledige plassar, så vi oppfordrar alle som kan tenkje seg å være med til å søke.

Dato: Laurdag 18. september 2021
Tid: Masterclass kl 10.00-13.00, konsert kl 14.00
Stad: Geiranger skule (masterclass) og Havila Hotel Geiranger (konsert)
Pris: 100 kr (inkl. enkel servering)

Påmelding:
Send ein e-post til booking@festspel.no innan 10.september med følgjande info: navn, alder, instrument, navn og varigheit på stykket. Marker e-posten med Masterclass.


Gunnar Flagstad - piano 

Gunnar er utdanna ved Østlandets musikkonservatorium og Norges musikkhøgskole, med hovudfag i akkompagnement/samspel. Han er førsteamanuensis i akkompagnement og fagseksjonsleiar for klaver, akkompagnement, gitar og akkordeon ved Norges musikkhøgskole. Han har også i ei årrekke vore tilknytta Barratt Due musikkinstitutt. Gunnar har opptrådd i ei rekke land i Europa, på leiande arenaer som Wigmore Hall, St. Martin-in-the-Fields og BBC Radio 3 i London, Konzerthaus i Berlin, Lucerne Festival i Sveits og Usadba Jazz festival i Russland. I Noreg har han spelt på festivalar som Festspillene i Bergen, Oslo Kammermusikkfestival, Hardanger Musikkfest og Festspillene i Nord-Norge. 


Øyvind Bjorå - fiolin 

Øyvind Bjorå er en allsidig fiolinist som har gjort seg spesielt bemerket med sine evner som orkesterleder. Han er tilsett som 1. konsertmeister i Den Norske Operas orkester, etter å ha vore fast konsertmeister i Trondheim Symfoniorkester og i Bergen Filharmoniske Orkester. Øyvind har óg vore engasjert i m.a. Philharmonia Orchestra i London, Danmarks Radios Symfoniorkester, Oslo Filharmoniske Orkester, NDR Radiophilharmonie og Orquestra Simfònica de Barcelona. Øyvind Bjorå har vore solist og spelande leiar for fleire profesjonelle ensembler, og som kammermusikar har han heldt konserter i Wigmore og Carnegie Hall, og delteke på dei store kammermusikkfestivalene. I år óg på Festspela i Geiranger. 


Hallvar Djupvik - song 

Hallvar Djupvik er fødd og oppvaksen i Tomrefjord i Møre og Romsdal, og er utdanna frå konservatoriet i Kristiansand og Operaakademiet i København. Han har vore ein aktiv utøvar innanfor ulike musikalske genrer dei siste åra, med hovudvekt på klassisk musikk og opera. Som solist har han sunge repertoar frå ulike deler av operalitteraturen i konsertsamanheng, og vore del av operaproduksjonar og oppføringar av kirke- og kammermusikalske verk. Hallvar har óg vore tilknytta koret til Den Norske Opera og Ballett. Han er tildelt prisar som Sparebanken Møre sitt Gnist-stipend og Shell sitt musikkteaterstipend. Hallvar verkar óg innan andre sjangrar, m.a. som gitarist og songar i bandet Polkabjørn og Kleine Heine.


Stephanie Lippert - song 

Stephanie Lippert er mezzosopran frå Norrtälje i Sverige. Etter teaterstudier i Stockholm studerte ho ved Operaakademiet i København. I november 2010 gjorde ho sin debut som “Anna” i Det Kongelige Teaters oppsetning av Nabuccco, dirigert av Per Giorgio Morandi. Som frilans operasongar har ho sunge roller i Norge, Danmark og Sverige, mellom anna "Tatjana" i Eugene Onegin, "Susanna" i Figaros bryllup og "Marguerite" i Faust. Stephanie er tildelt William Linds stipend, og har opptrede med DKMs symfoniorkester, Odense Symfoniorkester, DKMs symfoniorkester, Sjælland symfoniorkester, Folkoperans orkester og Det Kongelige Teaters Kapel. Ho er og ein aktiv visesongar.



workshop
klassisk
unge
festspel
festival
geiranger