SØK ETTER ARRANGEMENTER
Velkomen til ei høgtidsstund i vakre Geiranger kyrkje når Festspela 2026 opnar med Oslo Strykekvartett – eit av Skandinavia sine mest anerkjende kammerensemble. Med over 35 år på dei store scenene i inn- og utland, tek kvartetten med seg eit rikt og levande repertoar til Geiranger. Saman med seg har dei ingen ringare enn Kåre Nordstoga, nestoren av norske orgelspelarar.
Her møtest meisterleg samspel, sterke musikalske tradisjonar og den unike festspelstemninga i verdsarvbygda.
Fredagskvelden under Festspela inviterer vi til noko heilt nytt: Pub-kor på Gildetun ungdomshus. Dette er kvelden for deg som likar å synge, for deg som trur du ikkje kan synge – og for deg som berre vil vere med på ei varm, uformell og sosial musikkoppleving.
Opplev Eva Weel Skram på nært hald om bord på Geirangerfjord III – i stille, utsleppsfri ferd gjennom verdsarvfjorden, med Dei sju søstre som mektig kulisse. Billettsalet opnar snart!
Nordic Tenors byr på stor stemmeprakt, lun humor og musikalske overraskingar når dei kjem til Festspela. Her møtest klassiske perler, kjende melodiar og uventa innslag i ein konsert med høg kvalitet og glimt i auget.
Oslo Strykekvartett og Britt Pernille Frøholm møtest til Festspelpub med klassiske tonar, folkemusikk, hardingfele og musikalske overraskingar – i ei uformell ramme tett på publikum.
Festspela 2026 blir avslutta med fjellgardkonsert på Westerås gard, 300 meter over Geiranger. Her møtest folkemusikktradisjonen frå Sunnmøre og dei store komponistane frå kontinentet, med Kåre Nordstoga, Britt Pernille Frøholm og Geir Inge Lotsberg.
