Klassisk vorspiel

Arrangementsinformasjon

Festspela i Geiranger blir sparka i gong med eit klassisk vorspiel på torsdagskvelden med lokale artistar som Gunnar Inge Eide, Evgenii Zhukov, Oddbjørg Solhaug og Ole Jørn Myklebust. Med andre ord - ei musikalsk spennvidde frå klassisk musikk, via nordisk jazz til viser og folkemusikk. Nyt kvelden før kvelden i hyggelege og uformelle omgjevnader - gjerne med noko godt i glaset.

Medverkande:

Ole Jørn Myklebust er ein trompetist og songar frå Eidsdal som har fleire soloutgivelsar bak seg innanfor jazz- og visesjangeren. I det daglige samarbeidar han tett med artistar som Mari Boine, Jonas Fjeld, Unni Wilhelmsen og Ingrid Olava, både som produsent og musikar.

Oddbjørg Solhaug er songar busett i Geiranger. Ho har eit allsidig repertoar som strekkjer seg frå viser og jazz til barokkmusikk. I lokalmiljøet er ho aktiv, og er ofte å høyre i konsertar.

Evgenii Zhukov er fløytist, pedagog og dirigent. Han har utdanninga si frå konservatoriet i Astrakhan og Universitetet i Tromsø, og har arbeidd i orkester, som distriktsmusikar og som pedagog. Som musikar er han aktiv med både solokonsertar og kammermusikk.

Gunnar Inge Eide er ein allsidig pianist og organist frå Eidsdal som til dagleg jobbar som kantor og musikkskulelærar. Han har ein finger med i spelet på mykje av den kulturelle aktiviteten i indre fjordstrøk, og er dessutan initiativtakar og styreleiar for Festspela i Geiranger!

Vi lovar fleire overraskingar utover kvelden! Velkomen til festival-vorspiel!

******

NB: Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger. Tlf 70 26 83 00 - Epost geiranger@hotelunion.no

******

SMITTEVERNTILTAK
Festspela i Geiranger følgjer råd og pålegg frå norske helsemyndigheiter, og gjer alt som kan gjerast for at du som publikummar skal vere trygg når du besøker våre konsertar. For meir informasjon om smittevern, sjå eiga side om kva vi gjer og kva du som publikummar kan gjere for å la musikkgleda spre seg - men ikkje viruset: https://www.festspel.no/2021/09/smittevern-under-festspela/

Velkomen til Festspela i Geiranger!

geiranger
festspel
verdsarv
verdensarv
klassisk
festival