page view image

Kari Bremnes duo - i Geiranger

Informasjon
event image

Vi er utruleg stolte over å kunne presentere Kari Bremnes i Geiranger, under Geiranger lyskunstfestival!
Kari Bremnes er ein folkekjær artist med høge kunstneriske ambisjonar og låtskrivar og historieforteljar i øverste klasse. Musikken og tekstane hennar har ei djup humanisme, vakker poesi og oppløftande melankoli. Innimellom gjer ho nokre få, eksklusive konserter i duoformat med Bengt Hanssen på tangenter. Han er også produsent for Kari. "I duoen ønskjer vi å ivareta mykje av det dynamiske spennet i musikken, sjølv om vi berre er to på scena", sier Kari. "Ved hjelp av eit ganske omfattande keyboardoppsett gir vi publikum ei større lydverd enn i et klassisk duoformat. Det trur vi både songane og konsertane har godt av." I tillegg til Kari og Bengt er lydmann Geir Østensjø ein sentral medmusikant i besetninga. På desse konsertane vil publikum få høyre eit bredt utval av songar frå heile katalogen hennar.


Kom til Geiranger og få med deg denne eksklusive opplevinga av ein av dei største artistane i landet gjennom fleire tiår!

geiranger bremnes kari lyskunst geirangerfjord geirangerfjorden geirangerlys festspelaigeiranger

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte anna enn ved nasjonale restriksjonar som t.d. Covid 19.