page view image

Fjellkonsert på Dalsnibba

Arrangementsinformasjon
event image

OBS: Kl. 11:00 (bussavgong) - Konsert kl 12:00 på Dalsnibba

Kjærleik, natur og venskap 1500 m.o.h! 

Ei meir spektakulær scene enn Dalsnibba skal du leite lenge etter. Ein heilt unik konsert 1500 meter over havet, i det nye bygget til Geiranger Skywalk Dalsnibba.
Sinfoniettaens blåsekvintett spelar musikk av Grieg og hans samtidige. Felles busstransport i samarbeid med Geiranger turbil og taxi, og Terje Rusten blir med som lokal guide på turen, full av gode historier.
Dette blir ein eksklusiv konsert og ei unik oppleving, så her er det om å gjere å vere tidleg ute med å sikre seg billett.                  

Bussen til Dalsnibba går klokka kl 11:00 frå Norsk Fjordsenter, Gjørvahaugen 35, Geiranger. Bussen returnerar til same stad (cirka kl 14:00). Om du køyrer eigen bil kan du framvise konsertbillett i bommen opp til Dalsnibba, og dermed unngå å betale bompengar.

Vi gler oss enormt til konserten – og til å sjå deg på Festspela i Geiranger!

******

Tid: Laurdag 01. oktober 2022 kl. 12:00 (avgang frå Norsk Fjordsenter kl 11:00)
Stad: Geiranger Skywalk Dalsnibba
OBS: Dersom vegen vert stengt pga snø vert konserten gjennomført på Westerås Gard. 
Billettpris: Kr. 300/100
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no)

festival
festspel
festspela
grieg
dalsnibba
geiranger
geirangerfjorden
klassisk
fjellkonsert
fjell