Fjellkonsert - Musikk og lyrikk 1500 m.o.h.

Musikk og lyrikk på fantastiske Dalsnibba! Med utsikt over fjord og fjell kan du oppleve eit program med norsk og europeisk poesi og musikk. Dette blir eit unikt høve til ei oppleving utanom det vanlege, og med i billetten får du også bussturen opp gjennom geirangerbygda med lokalkjend reiseleiar og guide og ein utsikt som tek pusten frå alle og ein kvar. Høyr den spanande historia om byggjinga av vegen og om livet til folket i Geiranger, nyt den fantastiske utsikten frå Dalsnibba og ikkje minst: få ei unik kulturoppleving. Det vert godt høve til å nyte utsikten og også å kjøpe seg kaffi og noko å bite i før og etter konserten.
Tone Oline Knifsflå frå Geiranger er utdanna ved Teaterhøgskolen i Oslo og skal saman med Operaens strykekvartett frå Operaen i Kristiansund stå for festivalens høgaste kulturoppleving - 1500 m.o.h.
Fri passering i bommen for dei som sit på bussen.
OBS: Avgong buss frå Norsk Fjordsenter klokka 11:00.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av nasjonale tiltak t.d. i forbindelse med Covid-19.