page view image

SØK ETTER ARRANGEMENTER

Opningskonsert // Oslo strykekvartett

Velkomen til ei høgtidsstund i vakre Geiranger kyrkje når Festspela 2026 opnar med Oslo Strykekvartett – eit av Skandinavia sine mest anerkjende kammerensemble. Med over 35 år på dei store scenene i inn- og utland, tek kvartetten med seg eit rikt og levande repertoar til Geiranger.

Her møtest meisterleg samspel, sterke musikalske tradisjonar og den unike festspelstemninga i verdsarvbygda.

02.10.2026 20:00 @ Geiranger kyrkje
Pub-kor på Gildetun ungdomshus

Fredagskvelden under Festspela inviterer vi til noko heilt nytt: Pub-kor på Gildetun ungdomshus. Dette er kvelden for deg som likar å synge, for deg som trur du ikkje kan synge – og for deg som berre vil vere med på ei varm, uformell og sosial musikkoppleving.

02.10.2026 22:00 @ Gildetun ungdomshus
Eva Weel Skram på Geirangerfjorden

Opplev Eva Weel Skram på nært hald om bord på Geirangerfjord III – i stille, utsleppsfri ferd gjennom verdsarvfjorden, med Dei sju søstre som mektig kulisse. Billettsalet opnar snart!

03.10.2026 14:00 @ Oppmøte på kaia ved turistinformasjonen
Nordic Tenors i Geirangersalen

Nordic Tenors kjem til Festspela med vakker stemmeprakt, lun humor og musikk av høg kvalitet. I Geirangersalen får publikum oppleve dei med fjordlandskapet som storslått bakteppe.

03.10.2026 17:30 @ Geirangersalen, Hotel Union Geiranger
Festspelpub med Oslo strykekvartett og Britt Pernille Frøholm

Oslo Strykekvartett og Britt Pernille Frøholm møtest til Festspelpub med klassiske tonar, folkemusikk, hardingfele og musikalske overraskingar – i ei uformell ramme tett på publikum.

03.10.2026 21:00 @ Foajeen til Geirangersalen, Hotel Union Geiranger
page view image
logo

Festspela i Geiranger

Finner du ikke billetten din?
Innløs reservasjoner
Addresse
Festspela i Geiranger
c/o Gunnar Inge Eide, Eide 33
Eidsdal