Festkonsert: Tine Thing Helseth og Operaens Sinfonietta

Arrangementsinformasjon

Velkomen til festkonsert med årets festspelsprofil TINE THING HELSETH! Tine er utan tvil den fremste klassiske trompetisten i Noreg i dag, og har trass sin unge alder allereie rukke å etablere seg som ein internasjonal toppsolist med sitt karakteristiske mjuke og klare spel. Ho har vore solist i leiande orkester over heile verda, i tillegg til dei profesjonelle norske orkestra. I ein alder av 29 år vart ho innsett som professor på Norges Musikkhøskole, og mange har sikkert også opplevd ho som programleiar både på TV og i radio. 

Til Festspela i Geiranger kjem ho med pianisten Gunnar Flagstad og gitaristen Jarle Storløkken, to av Noregs leiande musikarar innan sine sjangrar, og saman vil dei presentere eit heftig repertoar hovudsakleg frå tangoen si verd.

Konserten vil og by på Operaens Sinfonietta frå Operaen i Kristiansund, eit kammerensemble med 14 profesjonelle musikarar under leiing av stjernefiolinist og dirigent Øyvind Bjorå. Sinfoniettaen er svært aktive heile året og er det einaste profesjonelle orkesteret på kysten mellom Trondheim og Bergen. Øyvind Bjorå er konsertmeister i Den norske Operas orkester, og som dirigent har han leia alle dei norske orkestera.

Program:

Geiranger barne- og gospelkor:
Frå "The Sound of music":
- Do-re-mi (Solist: Oddbjørg Solhaug)
- So long, farewell

Operaens Sinfonietta:
- L. van Beethoven: Romanse. Solist: Øyvind Bjorå
- P. Dukas: Trollmannens læregut

Tine Thing Helseth med Operaens Sinfonietta:
- F. Mercury: Love of my life
- L. Hollmer: Boeves Psalm

pause

Tango-avdeling ved Tine Thing Helseth trio

******

NB: Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger. Tlf 70 26 83 00 - Epost geiranger@hotelunion.no

******

SMITTEVERNTILTAK
Festspela i Geiranger følgjer råd og pålegg frå norske helsemyndigheiter, og gjer alt som kan gjerast for at du som publikummar skal vere trygg når du besøker våre konsertar. For meir informasjon om smittevern, sjå eiga side om kva vi gjer og kva du som publikummar kan gjere for å la musikkgleda spre seg - men ikkje viruset: https://www.festspel.no/2021/09/smittevern-under-festspela/

Velkomen til Festspela i Geiranger!

******

Medvirkande:

Operaens Sinfonietta

Øyvind Bjorå



klassisk
verdensarv
verdsarv
geiranger
opera
thing

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje, bortsett frå ved avlysning frå festivalens side i tilfelle Covid19-restriksjonar.