page view image

AI i kvardagen – verktøy for reiseliv, kultur og organisasjonar

Korleis kan kunstig intelligens hjelpe oss å spare tid og jobbe smartare? Denne workshopen gir ei praktisk innføring i bruk av ChatGPT og liknande verktøy – frå dei første enkle tipsa til meir avanserte metodar.

Informasjon
event image

Vi ser på korleis AI kan effektivisere oppgåver som søknadsskriving, rapportering, tekstproduksjon, nyheitsbrev, nettsideinnhald, oversetting og marknadsføring. Workshopen er relevant for mange: reiselivsaktørar, småbedrifter, kulturarbeidarar, offentleg ansatte, frivillige lag og organisasjonar, festivalar, arrangørar – og alle andre som brukar mykje tid på tekst og kommunikasjon i jobben.

Ingen forkunnskapar trengst. Vi startar med det grunnleggjande og jobbar oss stegvis fram gjennom øvingar og praktiske eksempel.

Kurset er gratis, men krev påmelding ved å hente billett. Lunsj serverast kl. 12:00, kostar kr 200 og betalast i skranken på Norsk Fjordsenter.

Ole Jørn Myklebust har brei erfaring som produsent og prosjektleiar frå kultur- og organisasjonslivet, både nasjonalt og internasjonalt. Han brukar kunstig intelligens aktivt i kvardagen for å effektivisere søknadsarbeid, rapportering, tekstproduksjon og kommunikasjon – og held kurs i korleis AI kan frigjere tid og forenkle kontoroppgåver.

Tid: Torsdag 25. september kl. 13.00–17.00 (lunsj frå kl 12:00)
Stad: Norsk Fjordsenter i Geiranger

Arr.: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Festspela i Geiranger og Møre og Romsdal fylkeskommune