Fjellkonsert på Dalsnibba

Arrangementsinformasjon

Ei meir spektakulær scene enn Dalsnibba skal du leite lenge etter. Ein heilt unik konsert 1500 meter over havet, i det nye bygget til Geiranger Skywalk Dalsnibba.

Vi er glade for at så mange vil ta del i den fantastiske opplevinga på Dalsnibba! Det vert dessverre ei programendring. Sinfoniettaens blåsekvintett måtte melde avbud, men som erstatning vil vi presentere det strålande ensemblet KINDA Trio på Dalsnibba.

KINDA Trio består av tre profesjonelle musikarar som også spelar i Operaens sinfonietta. Med ei litt uvanleg besetning spelar trioen ei unik blanding av klassisk musikk og folkemusikk. Kinda Trio består av:

Jasmina Zivic – fløyte
Anna Ostachowska – bratsj/fiolin
Zhala Aliyeva – cello

Musikerane som spelar i KINDA trio kjem frå tre ulike land, og i denne konserten kombinerer dei klassisk musikk med folkemusikk frå landa dei er fødd og oppvaksne i, men óg frå mange andre land. I konserten «Éin fjelltopp - alle verdshjørner» ønsker trioen å gi publikum ei uforgløymeleg oppleving, der heile verda møtast på ein og same fjelltopp gjennom musikken.

Vi håpar at du fortsatt ønskar å ta del i denne nydelege konsertopplevinga 1500 m.o.h., og vi garanterer høg kvalitet, stor formidlingsglede og mange gode historier.

Vi minnar samtidig om at bussen til Dalsnibba går klokka kl 11:00 frå Norsk fjordsenter, Gjørvahaugen 35, 6216 Geiranger. Terje Rusten er med som lokal, svært kunnskapsrik guide på turen. Bussen returnerar til same stad (cirka kl 13:45). Det er satt opp ein dobbeldekkar med 73 seter til 50 publikummarar, så det blir god plass i bussen. Om du køyrer eigen bil kan du framvise konsertbillett i bommen opp til Dalsnibba, og dermed unngå å betale bompengar.

Vi gler oss enormt til konserten – og til å sjå deg på Festspela i Geiranger!

******

Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger. Tlf 70 26 83 00 - Epost geiranger@hotelunion.no

******

SMITTEVERNTILTAK
Festspela i Geiranger følgjer råd og pålegg frå norske helsemyndigheiter, og gjer alt som kan gjerast for at du som publikummar skal vere trygg når du besøker våre konsertar. For meir informasjon om smittevern, sjå eiga side om kva vi gjer og kva du som publikummar kan gjere for å la musikkgleda spre seg - men ikkje viruset: https://www.festspel.no/2021/09/smittevern-under-festspela/

Velkomen til Festspela i Geiranger!

klassisk
geiranger
verdsarv
verdensarv
fjell
dalsnibba

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje, berre i tilfelle avlysning frå festivalens side i tilfelle f.eks. Covid19-restriksjonar.