page view image

Balkanpub!

Informasjon
event image

Med røter frå Balkan iblanda skandinaviske element, har duoen Almir Meskovic og Daniel Lazar eit særpreg utan sidestykke. Dei to har begge meir enn 20 års erfaring med klassisk musikk, som dei blandar med alt frå balkanske rytmar og russiske folketonar, til Mozart og sigøynarmusikk. Dei har vore å høyre både med Kringkastingsorkesteret og Sølvguttene, og er sentrale i gruppa den internasjonale folkemusikkgruppa The Kuraybers.

I hjartet av Balkan møtest og brytast musikk og kulturar frå fleire verdshjørne. Folkemusikken Almir og Daniel er vaksne opp med er påverka av sigøynarmusikk, jødisk klezmer, militær og klassisk musikk – og alt du finn mellom der.

Almir Meskovic er fødd i Bosnia og Daniel Lazar i Serbia, men det var på musikkhøgskulen i Oslo dei møtte kvarandre. I Norge har dei utvikla musikkuttrykket sitt på ein måte som får det vakraste ut av både trekkspel og fele, med inspirasjon frå ulike tidsepokar.

Daniel Lazar - fele
Almir Meskovic - trekkspel

Dørene opnar kl 21.00 

Havila Hotel Geiranger 16. september 2023 kl 22.00


---------

Almir Meskovic er ein bosnisk musikar busett i Noreg som har etablert eit internasjonalt omdøme både som klassisk akkordeonist og som ein forrykande musikar, arrangør og komponist innan balkanrelaterte sjangrar som Sevdah. Almirs eige orkester – The Kuraybers – har hatt suksess mellom anna gjennom sitt samarbeid med den serbiske superstjerna Jelena Tomasevic. I tillegg har han i Noreg samarbeida med musikarar og institusjonar som KORK, Oslofilharmonien, Nationaltheatret, Nordland Teater, Festspillene i Bergen, komponist Kjell Habbestad, Silje Nergaard, Yaakov Rubinstein og Arc Music. Han er utdanna ved Norges Musikkhøgskole.

Daniel Lazar er ein serbisk fiolinist med rumenske røter, og starta si musikalske reise som 4-åring då hans bestefar, som var ein stor folkemusikk-fiolinist, oppdaga hans musikalske talent. Med si fryktlause haldning og store konkurranseånd, byrja han å delta på ulike folkemusikk- og klassiske konkurransar med stor suksess både innanlands og internasjonalt. Gjennom studiar i klassisk musikk, heldt han fram med å utvikle sin kunnskap og store lidenskap for folkemusikk frå Balkan. På den tida, opptrådte han ofte med sin bestefar på ulike tv- og radioprogram. Lazar studerte utøvande klassisk musikk ved Fakultetet for Musikk Kunst i Beograd, og har ein master i same stilart frå Norges musikkhøgskole i Oslo.

Hittil i si karriere, har han over 1000 framføringar i land som: Serbia, Romania, Kroatia, Bosnia & Hercegovina, Noreg, Sverige, Frankrike, Belgia, Austerrike, Tyskland, Sveits, Israel, Polen, Nederland og Italia. Han er så heldig å ha jobba med kjende artistar som: Gheorghe Zamfir, Silje Nergaard, Daniel Herskedal, Helge Norbakken, Steinar Ofsdal, Ernest Bango, Lelo Nika, Jovan Pavlovic, osv.

Daniel er ein av dei få attverande fiolinistane som spelar og pleier ein spesiell type rumensk musikalsk stil, «Doina», som er under vern av UNESCO, og som kom på «Unescos Immaterielle kulturarv liste», saman med stilar som argentinsk tango, portugisisk fado, og spansk flamenco.

Milepælar for siste albumet deira:

• Topp 15 album i World music charts of Europe

• Topp 20 verdsmusikk-album i Jungetelegrafen (NRK P2)

• Årets album i RTB1 i Serbia

• Månadens album i Mundofonias

balkan klassisk folk almirogdaniel geiranger havila havilageiranger geirangerfjord music

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av nasjonale tiltak t.d. i forbindelse med Covid-19.