page view image

Meisterklasse for unge talent

EVENT INFORMATION
event image

Festspela i Geiranger gir unge talent i regionen ein moglegheit til å treffe profesjonelle musikarar gjennom ein meisterklasse med konsert i etterkant. I 2022 tilbyr vi meisterklasse på følgjande instrument: Song, piano og trombone. Sjå nederst for info om våre fantastiske instruktørar.

Meisterklassen rettar seg mot utøvarar frå 12 år og oppover, som gjer ein ekstra innsats på sitt instrument. Utøvarar som melder seg på må stille med eit ferdig innstudert verk som gjerne allereie er framført på konsert. Varigheit på stykket bør vere 3 – 10 min.

Vi oppfordrar alle som kan tenkje seg å være med til å søke.

Dato: Laurdag 1. oktober 2022
Tid: Meisterklasse kl 10.00-13.00, konsert kl 14.00
Stad: Geiranger skule (meisterklassa) og Havila Hotel Geiranger (konsert)
Pris: 200 kr (inkl. enkel servering)

Påmelding:
Send ein e-post til booking@festspel.no innan 1. september med følgjande info: navn, alder, instrument, navn og varigheit på stykket. Marker e-posten med Meisterklasse.

Det er utarbeidd ein eigen informasjonsfaldar for dette arrangementet. Ta kontakt anten på booking@festspel.no, eller med Evgenii Zhukov på tlf 451 38 023 dersom du har spørsmål eller ynskjer å få faldaren tilsendt.

Meisterklasse-haldarar:
Eli Kristin Hanssveen, song
Gunnar Flagstad, piano
Geir Opaas, trombone


Gunnar Flagstad - piano 

Gunnar er utdanna ved Østlandets musikkonservatorium og Norges musikkhøgskole, med hovudfag i akkompagnement/samspel. Han er førsteamanuensis i akkompagnement og fagseksjonsleiar for klaver, akkompagnement, gitar og akkordeon ved Norges musikkhøgskole. Han har også i ei årrekke vore tilknytta Barratt Due musikkinstitutt.

Geir Opaas - trombone

Geir er utdanna ved anerkjente Julliard School i New York, som reknast som verdas beste innan høgare musikkutdanning. Han har vore trombonist ved Operaen i Kristiansund sidan 1986, og er ein svært erfaren trombonepedagog.


masterclass
flagstad
hanssveen
geiranger
geirangerfjorden
klassisk