© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Opningskonsert med Oslo Strykekvartett
Festspela 2026 opnar med ei stor kammermusikalsk oppleving i vakre Geiranger kyrkje. Denne kvelden får publikum møte Oslo Strykekvartett, eit av Skandinavia sine mest anerkjende og etterspurde kammerensemble.
Sidan starten i 1991 har kvartetten markert seg både nasjonalt og internasjonalt, med konsertar på prestisjetunge scener som Wigmore Hall i London og Carnegie Hall i New York. Gjennom meir enn 35 år har Oslo Strykekvartett bygd opp eit rikt kunstnarleg univers, med klassiske meisterverk, nordisk repertoar og ny musikk skrive spesielt for ensemblet.
Kvartetten er kjend for sitt varme samspel, sterke formidlingsevne og musikalske nyfikne. Dei har løfta fram både kjende og mindre kjende norske komponistar, og har samstundes vist ei sjeldan evne til å nå breitt ut – frå dei store kammermusikkscenene til skulekonsertar, festivalar og kreative formidlingsprosjekt.
Når Oslo Strykekvartett opnar Festspela i Geiranger, møtest kunstnarleg kvalitet, levande tradisjon og den heilt særlege stemninga i Geiranger kyrkje. Dette blir ein kveld for nærleik, fordjuping og stor musikk i ei lita bygd.
Fredag 2. oktober kl. 20.00
Geiranger kyrkje
Repertoar vert kunngjort