© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Gjennom helga skal vi synge, lære og utforske kva som skjer når mange stemmer møtest. Prots er kjend for å skape entusiasme, få folk til å våge litt meir og vise at korsong først og fremst handlar om glede, fellesskap og det å skape noko saman.
Seminaret passar for kor som ønskjer fagleg og musikalsk påfyll, men også for deg som berre er glad i å synge.
Ei heil helg med song
Helga byr på fleire økter saman med Prots, med høve til å utvikle seg som korsongar og oppleve songen i fellesskap med andre.
Laurdag kveld får deltakarane også vere med på ein pop-up-konsert i foajeen på Union Hotel, og søndag avsluttar vi korhelga med at seminardeltakarane blir med og syng under festspelgudstenesta i Geiranger kyrkje.
Det blir med andre ord ei helg der vi ikkje berre øver – vi får også bruke songen i møte med publikum.
Bli med på Pub-kor fredag kveld!
Vi startar korhelga med Pub-kor med Prots på Gildetun ungdomshus fredag kveld.
Dette er eit ope og uhøgtideleg arrangement der alle songglade kan delta. Du treng ikkje kunne notar, ha sunge i kor før eller førebu deg på noko. Vi lærer ein enkel song saman, steg for steg.
For dei som skal delta på korseminaret, blir Pub-koret ein sosial og musikalsk start på helga. Og for alle andre er det ein flott anledning til å oppleve Prots og bli med på songgleda – sjølv om ein ikkje deltek på resten av seminaret.
Seminardeltakarane får spesialpris: Bruk rabattkoden “PROTS” når du bestiller billett via ticketco så får du 50 % rabatt.
Praktisk informasjon
Korseminar med Per Oddvar Hildre
Fredag: kl. 18.00–19.30
Laurdag: kl. 10.00–13.00 og 14.00–17.00
Laurdag kveld: Pop-up-konsert i foajeen på Union ca kl. 21.15
Sundag: kl. 10.00–12.30, song under festspelgudstenesta
Stad: Gildetun ungdomshus, ca 200 meter ovanfor Union, ved FV63
Pris: 750,-
Overnatting:
Geiranger har mange mogelegheiter, til dømes:
Pub-kor med Prots
Fredag 2. oktober kl. 22.00
Dørene opnar kl. 21.00
Stad: Gildetun ungdomshus
Hugs rabattkoden PROTS når du bestiller billett.
Kom med gode vener!
Vi håpar de vil bli med på ei helg der songglede, musikalsk utvikling og fellesskap står i sentrum.
Ta med koret, kollegaer, vener – eller kom åleine.
Her er det plass til alle som har lyst til å synge.
Ei helg. Mange stemmer. Store songopplevingar.
Vi gler oss til å synge saman med dykk!
Kontakt og påmelding:
post@festspel.no
Tlf 93049185 (Gunnar I)
eller via ticketco.no