Eva Weel Skram på Geirangerfjorden
Opplev Eva Weel Skram på nært hald om bord på Geirangerfjord III – i stille, utsleppsfri ferd gjennom verdsarvfjorden, med Dei sju søstre som mektig kulisse. Billettsalet opnar snart!
Festspela i Geiranger inviterer til ei heilt ny konsertoppleving i samarbeid med Geiranger Fjordservice: konsert med Eva Weel Skram om bord på den splitter nye Geirangerfjord III.
Dette blir ei nær og stemningsfull oppleving der ein av Noregs finaste songarar møter eit av dei vakraste konsertromma vi har – sjølve Geirangerfjorden. Med fjella tett på, fossane Dei sju søstre som kulisse og den stille ferdsla på fjorden, ligg alt til rette for ein konsert utanom det vanlege.
Eva Weel Skram er kjend for si sterke stemme, varme formidling og låtar som treff breitt og nært. I dette formatet kjem publikum tett på både artisten, musikken og naturen.
Konserten er ei ny satsing for Festspela, der musikk, fjordlandskap og moderne, utsleppsfri båttransport blir samla i éi oppleving. Her blir reisa ein del av konserten – og Geirangerfjorden ein del av musikken.
Tid: Laurdag 3. oktober kl. 14.00
Lengde konsert: 45 min
Lengde tur: 100 min
Stad: Ombord på Geirangerfjord III
Avgang: Kai
I samarbeid med: Geiranger Fjordservice
Waiver
Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med unntak av ved nasjonale restriksjonar som t.d. Covid