page view image

Dans på Knivsflå - flytta til Grande Fjord Hotel

Ei unik oppleving, med festspelprofil, fiolinist Ragnhild Hemsing saman med dansar Marnie Josefine Fiebig i fantastiske omgjevnader på Grande Fjord Hotel.

Information
event image


OBS: Endring i "Dans på Knivsflå" under Festspela i Geiranger

På grunn av uventa kaldt og vått vêr må vi dessverre flytte fjelldans-forestillinga frå Knivsflå til Destilleribaren på Grande Fjord Hotel. Vi set alltid tryggleiken til publikum og artistar først, og denne avgjerda er gjort for å sikre ei trygg og komfortabel oppleving for alle. Konserten vil framleis finne stad søndag 29. september, men tidspunktet vert flytta til kl. 14:00.

Vi beklagar denne endringa, men som kjent rår vi ikkje over vêret. Publikum som har kjøpt billettar får høve til å heve kjøpet dersom dei ikkje ynskjer å delta på den nye arenaen. I så tilfelle kan de sende ein e-post til post@festspel.no.

Gratis shuttlebuss og søndagstur
Grunna avgrensa parkeringskapasitet ved Grande Fjord Hotel, tilbyr vi gratis shuttlebuss frå Geiranger sentrum. Oppmøte ved Geiranger ferjekai kl. 13:15. Det vil også gå shuttlebuss tilbake til Geiranger sentrum etter konserten. For dei som ønskjer det, er det mogleg å nyte ein fin søndagstur ved å gå frå Geiranger sentrum til Grande Fjord Hotel – ein lett og vakker tur langs fjorden.

Gledelig nyheit: Ekstra billettar
For dei som ikkje fekk billett til den opphavlege konserten, har vi ei gledeleg nyheit! Vi legg no ut 30 ekstra billettar, og det er først til mølla. Bestill billettar her: https://www.festspel.no/fjellgardkonsert/.

Artistendring
Vi må også melde om ein endring i artistlista. Grunna uforutsette omstendigheter må Hallgrim Hansegård melde fråfall. Vi er stolte over å presentere Marnie Josefine Fiebig som ny dansar i forestillinga. Fiebig er ein anerkjent scenekunstnar med bakgrunn frå både folkedans, moderne dans og samtidsdans, og ho har markert seg på fleire store scener rundt om i Europa. Hennar dynamiske uttrykk og sterke formidlingsevne vil utan tvil bidra til å gjere denne forestillinga til ei uforgløymeleg oppleving.

Velkomen til konsert i fantastiske omgjevnadar Vi ser fram til å ynskje publikum velkomne til ein intim og magisk konsertoppleving i fantastiske omgjevnadar, med Geirangerfjorden som storslått bakteppe. Dette blir ein dag fylt med musikk og kultur i verdsarvområdet vårt – ein oppleving du ikkje vil gå glipp av!


For meir informasjon, kontakt:
Gunnar Inge Eide
Festspela i Geiranger
Telefon: 930 49 185
E-post: post@festspel.no

--------------------------------------------

Les meir om Ragnhild Hemsing her:

Ragnhild Hemsing turnerer dei store scenene i Europa, og framfører dei store klassiske verka samstundes som ho er ambassadør for den norske folkemusikkarven. Våren 2024 var ho festspelmusikar og Artist in Residence under norges største klassiske musikkfest; Festspillene i Bergen, med ei rekke kritikarroste konsertar. I 2024 er ho vår Festspelprofil under Festspela i Geiranger.

#geiranger #geirangerfjorden #fjellgard #hemsing #frikar #klassisk #musikk #verdsarv

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte med mindre det kjem nasjonale restriksjonar som t.d. Covid19