UTSELD: Fjordkonsert med Storm Duo & Frank Havrøy

page view image

Tickets Not Available

Es stehen keine Tickets mehr zur Verfügung
event image

Event-Informationen

Dette blir ei unik oppleving på fjorden og eit minne for livet! Opplev stor musikk under fossane "Dei sju søstre" på Geirangerfjorden, med eit program som kler fjorden og den dramatiske naturen som hand i hanske.

På denne konserten møter du:

- Frank Havrøy, baryton og ein sentral person i det norske klassiske musikklandskapet, kjend for si fleksibiltet og store uttrykkskraft.
- Storm Duo: Asta Soffia Thorgeirsdottir frå Husavik på Island og Kristina Farstad Bjørdal frå Sunnmøre utgjer Storm Duo. Deira musikalske og personlege kjemi starta samarbeidet deira i 2017, og sidan har duoen halde ei rekkje konsertar innanfor mange sjangrar og scener, frå klassisk via varieté og folkemusikk til nyskrivne bestillingsverk.
- Kenneth Løken starta gourmetrestauranten Brasserie Posten saman med Malin Merok i 2012, og er meisterkokk med eit stort engasjement for gode smaksopplevingar og lokal kvalitetsmat og -drikke.

M/S Geirangerfjord går frå Pir 1 i Geiranger sentrum. Båten går ut til Knivsflå og Dei sju søstre, og konserten vil finne stad medan båten ligg i ro under dei ikoniske fossane. Etter konserten går båten tilbake til Geiranger.

********

Tid: Laurdag 01. oktober 2022 kl. 14:30
Stad: M/S Geirangerfjord (avgang frå Pir 1)
Billettpris: Kr. 400/100 (billetten inkluderar båttur og servering)
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no). Du kan og kjøpe billett på kaia om det er ledige billettar til arrangementet.

Tags

geirangerfjorden
cruise
klassisk
geiranger
festspel
festspela
festival
mat
foss
Veranstalter
Festspela i Geiranger