Festkonsert med Eli Kristin Hanssveen

page view image

Tickets Not Available

Es stehen keine Tickets mehr zur Verfügung
event image

Event-Informationen

Du såg henne kanskje på “Stjernekamp” på Nrk for nokre år sidan, eller kanskje har du opplevd henne som solist på Den Norske Opera & Ballett der ho har hatt hovudroller i store oppsetningar som La Traviata, Turandot, La Bohème, Don Pasquale og mange andre. Ho er kjent for sitt sprudlande vesen og sitt sterke nærvær på scena, og ho er blitt ein publikumsyndling for alle som har opplevd henne. Vi er svært stolte over å presentere Eli Kristin Hansveen som hovudartist på laurdagen under Festspela i Geiranger i samspel med Gunnar Flagstad og Operaens Sinfonietta! Dette blir ein festkveld fylt med kjent operarepertoar og gåsehud!

Kl 18.00: Gratis aperitiffkonsert med CodaVokal - vokal velklang i foajeen med damekor frå Trondheim.
Aperitiffkonserten er for dei som skal på festkonserten.



Medverkande:
Eli Kristin Hansveen
Gunnar Flagstad
Operaens sinfonietta

***

Tid: Laudag 01. oktober 2022 kl. 18:30
Stad: Hotel Union Geiranger - Geirangersalen
Billettpris: Kr. 490/100
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no)

Tags

festspel
festival
festspela
hanssveen
stjernekamp
opera
Veranstalter
Festspela i Geiranger