Festspelpub med Tricia Boutté og Gumbo

Når Tricia “Sista Teedy” Boutté kjem til Geiranger, er det med heile New Orleans i bagasjen – og ei stemme som rommar både jazz, soul, gospel og karibiske rytmar. Ho er ein scenepersonlegdom av dei sjeldne, med ei karriere som strekk seg frå samarbeidet med Allen Toussaint og Aretha Franklin, til turnear med reggae- og jazzband over heile verda.

page view image
Event date

Friday 26 Sep 2025 22:00

Ends Friday 26 Sep 2025 23:30
order

Available items

Vaksne
Ledsagar (med gyldig ledsagarbevis)
Venneforeninga
For medlemer av Festspela si venneforening. For å bli medlem kan du melde deg inn her: https://www.festspel.no/bli-med-i-venneforeninga/ Som medlem får du 25% avslag på alle arrangementa våre.
event image

Event information

Tricia er del av ei legendarisk musikkfamilie – niese av vokalistane Lillian og John Boutté – og har sidan barndommen vore ein naturleg del av den sterke musikalske arven i New Orleans. Ho kombinerer teknisk briljans med rå utstråling og ein sjeldan evne til å fange publikum i augneblinken.

På festspelpuben fredag kveld har Tricia med seg Gumbo, eit drivande sterkt band leia av trompetist Kåre Nymark Jr., med Kenneth Ekornes (trommer), David Gald (tuba) og Even Skatrud (trombone). Bandet er kjend for si eksplosive blanding av New Orleans-funk, karibiske rytmar og improvisert jazz – og når dei speler med Tricia, oppstår det ekte magi.

Det blir varmt, tett og uforgløymeleg på Havila Hotel Geiranger denne fredagskvelden. Kom som du er, ta noko godt i glaset – og bli med på ei musikalsk reise frå fjord til funky fest i ekte New Orleans-ånd.

Tid: Fredag 26. september, kl. 22.00
Stad: Havila Hotel Geiranger

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av nasjonale tiltak t.d. i forbindelse med Covid-19.

Tags

teedy
Organizer
Festspela i Geiranger