page view image

Festspelpub med Oslo strykekvartett

Velkomen til Festspelpub med Oslo Strykekvartett – ein uformell kveld der klassiske meisterverk, nordiske perler, overraskande arrangement og musikalske sidesprang møtest tett på publikum.

Information
event image

Når kvelden senkar seg over Geiranger inviterer Festspela til Festspelpub med Oslo Strykekvartett – eit av Skandinavia sine mest meritterte og musikalsk nysgjerrige kammerensemble.

Her flyttar strykekvartetten inn i ei meir uformell ramme, tett på publikum og med rom for både virtuositet, varme og overraskingar. Oslo Strykekvartett har i over 35 år begeistra publikum på store scener i inn- og utland, og er kjende for eit repertoar som strekkjer seg langt utover det tradisjonelle.

Denne kvelden kan publikum få møte både klassiske meisterverk og musikk frå heilt andre sjangrar – alt forma for strykekvartett med presisjon, overskot og speleglede. Kvartetten har mellom anna arbeidd med eigne arrangement av alt frå Schubert og Bach til ABBA, Dave Brubeck og andre uventa musikalske innslag.

Festspelpuben er for deg som vil kome tett på musikken, artistane og den gode festivalstemninga. Her blir kammermusikken levande, variert og nær – med senka skuldrer, glimt i auget og stor musikk i ei lita bygd.

#geiranger #festspel #oslostringquartet #hoteluniongeiranger

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, med unntak av ved nasjonale restriksjonar som t.d. Covid 19