SØK ETTER ARRANGEMENTER
Korsongarseminar med Per Oddvar Hildre
Har du lyst på ei helg fylt med songglede, inspirasjon, fellesskap og musikalsk utvikling? Under Festspela i Geiranger inviterer vi kor og songglade frå nær og fjern til eit korseminar med Per Oddvar «Prots» Hildre, ein av dei store inspiratorane i norsk korliv. Kom åleine, kom to eller tre, eller kom heile koret - dette blir ei kjekk oppleving og eit godt song-fellesskap.
02.10.2026 18:00
@
Gildetun ungdomshus
Fjellgardkonserten
Festspela 2026 blir avslutta med fjellgardkonsert på Westerås gard, 300 meter over Geiranger. Her møtest folkemusikktradisjonen frå Sunnmøre og dei store komponistane frå kontinentet, med Kåre Nordstoga, Britt Pernille Frøholm og Geir Inge Lotsberg.
04.10.2026 14:00
@
Westerås gard